Metal Storm logo
Cor Scorpii - Monument lyrics



Tracks



01. Ei Fane Svart

Fryktlaus er den dømde
Ærefull og rak
Ein Tidlaus torn i auga
Til Tvangstru og misjon

Ein Krigar i natta
Merka og brend
Ikkje har han ottast
Skjærseld eller inkvisisjon

Kjettarar og vantru
Nytarar av livet si frukt
Døtre av Diana
I ekstatisk heksedans
Morgonstjernas søner
Jaga som eit ureint barn
Storlåten visemann
Trassar konvensjon

Evige offer
For syndas piskeslag

Motstandshird
Røyser seg til kamp
Lidande logar
Vert til flammehav

Alle skal dei
Samlast om hjartet
Til ein skorpion

Gneista har sklokna
Og anden teke slut
Ei kiste kledd i mørke
Dysterheitas drakt

Ein livslang kamp
For vår svarte fane
I æva skal det minnast
Den stolte mann sitt namn

02. Endesong

Eg ser utover havet
Alt er stille no
Ditt andlet i mitt indre
Fastbrent i mitt sinn

Ei openberring av jordsleg art
Etterlot meg naken, utan makt
Sanselaust berusa,
Tapt i ditt blikk
Eg såg meg sjølv gå under
Men flammen gav meg fred.

Bølgjeslag mot hjarteslag
Fortapt i alt mitt hat
Utan grenser, utan håp
Eg lot mi sjel forgå.
Hatet rår!
Iskalde kjensler, lamma av nag
Fødd mellom skuggar og skam
Ut frå det stille
Eit helvetes kall
Kvalt av ei ljosfri verd.
Lagnaden lir!

Svartna sinn, ser dauden nær
Håpet svinn!

Eg vakar Gjennom natta.
Heimsøkt av mine draumar
Mitt svik var størst av alle
Mi sorg er utan trøyst.

Endesongens siste farvel
Ein klagesong i det fjerne
Ein song som stig i styrke
Ein song som stig i kraft

03. I, the Damned

Indoctrinate
Masses blindly entranced
United in name
A seed is sown within

Disharmony
Monuemental change
A light less bright
Ruptured walls of grace

All alone
Illuminated fears
Freedom obtained
Shackles fade, replaced with hate

Hear my cries
A call to arms
Unmerciful God
Vengeance and scars

I, the damned
By shattered dreams interred
Share my tears
Visions of might
Deception and lies

04. Our Fate, Our Curse

Living in the shadow
Of a curse
We have brougth
Upon ourselves
The craving for life
Eternal never ends

Looking at the future
As an endless unknown
Fear of damnation
In their eyes

Icons and symbols from
Life's altar
Hope and fear
Leading to the
End of days
Death in pain
Yearning for a
Twist of fate
I'll remain
Defiant till the end

Words of light fade
At the point of death
Like leaves
Falling from a tree

A dead blackened soul
Searching for a way
A never-ending
vortex of decay

Never fear the emptiness
The answer is at hand
Your powers cannot
Comfort you
Or free you from your
dying breath

Death triumphant
As night and day unite
Abyss everlasting
Draped in black and grey

05. Helvetesfossen

Futen på Hafslo var ein hardsett mann, som
Bøndene ikkje hadde mykje hug til.
Dei reiste for å klage til kongen i
København og der måtte dei vente 3 dagar i
Slottsgarden til fånyttes, for dei fekk ikkje
Bere fram klaga.

Difor vart dei tvungne til å gjere vendereis,
Med vilje til å drepa futen.
Når futen såg sognebøndene komme,
Skjønte han kva som ville skje om dei fekk
Tak i han.

Han flykta til hest, med bøndene hakk i hæl,
Heilt til ferda enda ved den ville
Helvetesfossen i årøyelva.

I desperasjon freista han å hoppe over elva,
Men ramla av berget på den andre sida og
Gjekk lukt i fossen.

06. Oske Og Innsikt

Vinden piskar
Mot naken hud
Utemd og fri
Stikkande kulde

Speglar mi sjel
Speglar mitt sinn
Lekkjelaus
På vitskapens veg

I lys av brende vengjer
Oske og innsikt

I lys av brende vengjer
Framgang ein dødsom

Elda dogmer
Nedsett i teikn
Eit slør av skrifter
Mot tenkande kraft

Utrødd mark
Rein og ny
Endelaust
Og fritt

Ei ny sol skin for meg
Som eit skjær i
stormfullt hav
Kjerne i kaostid
Ending av ei slavemakt
Prektige fasadar brest
Herre over skaparverk

Omvelting
Og sjå monument lagt i ruin
Ei tidlaus sanning ser si
Endetid vert til
Uvisse
Og sjå trelldomen forsvinn
Deira redslar skal speglast i
Mitt blikk

Svart er svart
Og daudt er daudt
Omslutta av mørke

Falma ord
Åleine står
Lausrive symbol
Er fødd på ny

07. Kjettar

Tryggleik tapt og fridom med
Trusselen må lukast vekk
Vik frå tanke, vik frå meg!

Slave av demonisk kraft
Anklaga for eigenart
Lutrast skal den skamlause
Tredve spørsmål utan svar

Kjettar
Kjettar - fridom gjennom eld
Kjettar
Kjettar - oskelagde spirer

Mot rettarstad eit følgje kjem
Hyklarar i prosesjon
Brend for sanning utan tvil
Blind tru på bevisets makt

Med bøddeløks og heksebål
Utan frendar, utan håp
Skulda for ein djevelsk ham
Kastar skuggar over klårsyn og visjon

Dans til hekates song
Kle dykk i midnattsvart
Kom og styrk vår hær
Sol dykk i fandens prakt

08. Bragder I Stein

Ei ferd mot enden
Mot overmakt
Og krig
Med ein song
Om truskap
Manar vi til strid

Sterk i trua
På vår framtids prakt
Alt vi ofrar
For vår
sjelelege drakt

Bragdane deira skal
hoggast i stein
Som ofra sitt liv for
Najsonen, vår heim
Dei kjempa i mot og
Dei kjempa for sine
Vi hyller ein kamp, eit
Folk og eit minne

Med flagg og følgje
Vi kjempar for ei von
Tålmod er vårt våpen
Ei endring vår visjon

Det glitrar i augo
Meir for kvart sekund
For blod og
ætt vi kjempar
Vi døyr for land
Og grunn

Bragdane deira skal
Hoggast i stein
Som ofra sitt liv for
Najsonen, vår heim
Dei kjempa i mot og
Dei kjempa for sine
Vi hyller ein kamp, eit
Folk og eit minne

Urgammal visdom
Samlande teikn
Av motstand og kamp
Kjem fridom og ære
Rissast skal namn
Den falnes monument
Evig til minne
Bragder hogd i stein