Tracks

01. Slaget
02. Svartsyn
03. Armod
04. Skuld
06. Skoddefjellet
07. Attende



01. Slaget

Natti låg ljos øve Fjell og Fjord
I måneskin, ei bukt praktfull og stor
I åsen sat to grannar ved eit bål
Og tala i kveldingi med døyvde mål

Dei minnast dan tunge kveld
Då gardane vart lagt øyde med spjut og eld
Dei vart so døypte til Kvite-Krist
Ei hending dei endå ottast so trist

Ikkje skulle noko med deira ætt skje att
Og grannane var klare der dei sat
Mørket senka seg på dan vie himmel
Og bålet deira slokna so henn

Ei rørsle på Fjorden grannane skimta
Det vart stille mellom dei mektige fjell
Ei redsle spreidde seg då fleire fekk vita
Noko var på ferde, kven var på veg

Det lei mot natt og eit følgje sigla inn
Eit koldt gys øve fjorden sitt sinn
Ingen fleire skulle brenna deira gard
So sverdi vart kveste og skulle trast gje svar

I hedensk tru dei skunda seg fram
I dei djupaste skogar og kvitkledde mark
Med hammaren om bringa og sverd i hand
Vart følgje slakta før dei kom seg i land

Det vart raudt på fjorden dinna hiskne kveld
Og skipi dei stod i ein lågande eld
Odin synte seg bak kvitkledde fjell
Og iakttok synet av siger og hell


02. Svartsyn

Av mørket vert sola slukt, frost jagar oss frå heim
Til kamp mot onde krefter, sett fri som verdas hemn

Ei lagnad ventar.

Alt som andar ligg og ventar stilt på den kalde lagnad
Godskap går i kamp mot ondskap, alt forgår i drap

Blodet sprutar, og månen slukast av hat
Verda vrir seg i Frøy sin leik, sjå no kjem Hel med si rei

Hel med si daudningehær

Me drep våre brør, vert drepne av eigne born
Utan tid til anger, feige svik vi eige blod, me skal døy

Godskap går i kamp mot ondskap, alt forgår i drap
Blodet sprutar, og månen slukast av hat
Verda vrir seg i Frøy sin leik, ormen piskar vatnet opp

Ein lagnad ventar dei som vaknar,
Verda brenn igjøno Ragnarok


03. Armod

Gudane sine isande vindar
Pustar i glørne
Svart jarn skal smiast
Det stundar mot strid
Gudane sitt renkespel
Legg kvar ein mann sitt sinn i mørkre
Sviket ligg tett oppunder huda
Når kampen er mot armod og svolt

Marka, gold, kald og hard
Gjer menn til beist når dei no spring i hast
Mot næraste grannegard vergelaus den ligg
For nauda har tvunge grannen ut i viking
So her kan sviket herja

Skrik og otte
Angest og daud
Er det som har kome til garden
Ei plyndring
Av korn, buskap og uskuld
Og ei ætteline endar
I ein lòge av eld

Endeleg eit langskip bryt stille hav
På sin heimveg, no skal det feirast
Eit tokt er kruna med siger og hell
Ein krigar tenkjer
I kveld vert det lått på garden

Svart i augo lik ein hund frå Helheim
Kjem ein granne med bod om hemn
Denne natta held dauden ei veitsle
For dei arme svikarar

Og når dei alle har andast
Ein siste gong
Står grannen bøygd med vissa
Om at sjela si armod aldri vert sløkt


04. Skuld

Skuld, ho som ser dei falne
Krinsar i kring marki - Odin lar ho kjosa val
Rusta opp som ei skjoldmøy, no er deira dagar talne
Dei ho vel spring i mannefall
I Åsgard helsar Odin dei til sin hær i Valhall

I rustning fullt bevæpna, spunne fast til sterke dyr,
Rasar dødsvette gjennom slaget ville for å sjå
Krigarar kjempa fryktlaust for sitt ry
Og i mørkret under slagmarki spinn Skuld ei skjebnestråd

Klangen i frå smedens hammer hardt mot nysmidd jarn
Gjør vikingfolket kjent i frammand land
Tungt bevæpna reiser dei, og fiendar dei fell
I ærlig kamp sverd mot sverd, og mann mot mann

Skuld, ho som ser dei falne
Krinsar i kring marki - Odin lar ho kjosa val
Rusta opp som ei skjoldmøy, no er deira dagar talne
Dei ho vel spring i mannefall
I Åsgard helsar Odin dei til sin hær i Valhall

Klargjorde til krig, rasar krigarar
Gjennom slaget fulgt av evig liv
So endar dei på marki, med banesår og blod
Deira siste tankar er om verdi dei forlot

Odin lar ho kjosa val
Ved Odin er ho skuld i mannefall
Rusta opp som ei skjoldmøy, deira dagar er forbi
I åsgard helsar Odin til sin hær i valhall


06. Skoddefjellet

Eit fylgje kjem til nye landet
Sjuke av den nye tankepesten
Med sverd i hand
Hirden åt krist

Dei skodar eit fjell
Som kneisar i hån
Mot desse små
Og kringom fjellet
Ei skodde av frost

Men somme tykkjer ikkje om
Stanken av kristenmanns blod
Trolla stig ut or fjellet
Og legg ei felle
For krist sine menn

Morgonen etter det glimar i gull
Ein veg av mynt leiar til fjell
Hirden vandrar fram

Med rikdom i sinn

Fram dei vandrar
Men brått dei skjønar
Av kjøt er dei komne
Til stein skal dei bli


07. Attende

Ei mor græt
Enno ein gong skal ein son sendast i veg
Til ei slagmark stenka i dårskap
Enno ein gong
Lyt ho sjå ryggen til ein son
Som vert røva ifrå ho
Med den enkle lovnaden om heider
Både frå dei levande
Og hjå dei
Som sit i dei store hallane
I æva

Eit slag
Konge mot konge
Mann mot mann
Piler riv strupar
Stål splintrar bein
Mange døyr i pinsle
Mange etter miskunn skrik
Men her er ingen å få

Kvar ein herald
Levande som daud
Ser kvar det bér
Når ein ung sverdarm
Blir trøytt

Ei mor står
På kalde berget
Og skodar ein tagal fjord
Med eitt ho kjenner
Ein son sitt vardøger
Som fortel i ett kviskre
At han aldri meir
Kjem attende