Tracks

01. Nøkken
02. Dunker
03. Åsgårdsreia
04. Trolltind
05. Allvis
06. Perpålsa
07. Blæster
08. Byttingen



01. Nøkken

Nøkken han sitt å spille
kan du hør fela gå?
Fra ælva du slåtten høre
det e' ondskapen som her rår.

Han lokke dæ kvinnfolk te' sæ
det e du som hør' en bæst
Han spælle førr å få dæ
hør slåtten i fra væst

Går du dit tonan kjæm fra
ligg han å lure dær
han kan å skap sæ om
være ei ørn som fær

I fra ælva du slåtten høre
det e' ondskapen som rår
det e' du som hør' en bæst
han spælla førr å få dæ
hør du slåtten i fra væst?


02. Dunker

Det bur eit bergtroll uti Fosen eit sted
hans namn kjenne ingen, han er nøye med det
han var så forelska i ei fager møy
"eg sei ho ikkje namnet mitt, for da kan eg dør"

Hei - hei huskom - i - hei
snart tek eg brura i min famn
hei - hei huskom - i - hei

Han tok den fagre møya inn i Fosenhula si
der skull dei bu til saman til evig tid
men jenta var sørgmodig ho gret og var så lei
mens Bergetrollet laga i stand bryllaupsfest for dei

Hei - hei huskom - i - hei
snart tek eg brura i min famn
hei - hei huskom - i - hei

Den kvelden i før bryllaupsfest han var i godt humør
han drakk og han sang som ein brudgom kan gjør
i manga dagar hadde jenta prøvd å lokke fram
sin brudgoms namn men tenk det hjelpte ei med dram

Hei - hei huskom - i - hei
snart tek han brura i sin famn
hei - hei huskom - i - hei

Som natta gjekk og meir han fekk
ho såg sin muligheit
kom kjære ven eg luskar deg du er mi kjærlighet

Kom legg ditt hovud i mitt fang
eg for deg syngja vil
han blei så glad han reiste seg og vart ein smule vill
Han dansa rundt og rundt og rundt
og pluteseleg han sang
ein sang det skulle visa seg han sang for siste gang

Hei - hei dunkeromdei
Han fekk ikkje brura i sin famn
Hei - hei dunkeromdei


03. Åsgårdsreia

"Åsgårdsreia e' på ferde'
eit følge du høyre før du ser
dei rir på stora, svarte hesta
piske dei, så skummet fosse ne'r
å augo lyser vilt i mørkret"

Hestane styres av stenger som glør
som ryttera hisse opp kvarandra med
det klinge i stål og av ville skrik
lytt - de e' Åsgårdsreia vi kjenne te'

-eit følge av kvinnfolk og kara

Dei rir over skog - over fejll og sjø
Ser dei deg, tar dei sjela di
sjela di tar dei og kroppen bli som før
lytt - de e' larmen av hesta som rir

I hælvet' for snill, og i himmelen for slem
ei kvilelaus, jævelsk rei som rir
stålet gnistre' i den svarte natt
lytt - de e' Åsgårdsreia som driv

-eit følge av kvinnfolk og kara

Høyre du dei skjærandes skrika?
ei kvilelaus jævelsk rei som rir
det kan bli det siste du høyre
de e' Åsgårdsreia som tar deg meg


04. Trolltind

Vilja du høyra historia
om Trolltindane i Romsdal?
det gjekk seg slik at dei vart te'
da jotnane skulle gifta seg

-og brurefølgjet seg på ferda

Giftarmålet skulle stå
i trollkyrkja som var deira
ved foten av fjellet Romsdalshorn
alle jotnane skulle feira

Nokre av jotnane kom langvegs frå
og starta tidleg med festen
ølbollen vandra i ring blant dei
som gjekk på den brurevei

-og tida ho blei ikkje lange

Tida var gløymd og natta blei lang
dei spøkte og lo og fnisa
dess meir dei supa og lo og song
dei nærma seg umerkeleg krisa

Det tura i lag
og natt blei til dag
men med dagslyset kom også sola
det øyeblikk strålane følgjet traff
var det ikkje blant oss her på jorda

Ikkje ein jotne held seg på beina
følgjet blei som forsteina
det hjelpte ikkje å verte gal
dei står der den dag i dag


05. Allvis

Eg vil hente heim mi brur i dag
snart skal vi hyggje oss heime
eg er av tusseætt
og er ikkje verdig henne

Meg eg har så sterk ein vilje
møya vil eg eige

Allvis er namnet og under jorda eg bur
Tor er faren til mi komande brur
han sa då til meg
at "denne møya skal aldri
hentast heim av deg"

Men eg har så sterk ein vilje
møya vil eg eige

Tor han sett eitt krav
at eg ausar av mitt krav
av visdom som eg har

Tor han vil veta alt:
om himmel og alvar - dvergar og sol
om jotnar og æse - skyer og skog

Og eg har så sterk ein vilje
brura skal eg ha

Han gir seg ikkje med dette
om meire han vil vete
om vindar og vanar - om kneggjer og skø
om vindstille og lummer luft

Han masa og masa
om låg og stavstille - om eld og flammer
om skadebrenne om skog og djupt hav
og alt i livet

Og eg har så sterk ein vilje
brura skal eg ha

"Og natta ho gjekk
og svar han fekk
og Tor sa:
mektig har eg sveke deg, haha, dverg
her skinner sol i salen!"


06. Perpålsa

Perpålsa tussen budde i en stein
i Nordland, i Nordlan
å han Svensk-Henrik var på flukt på sine bein
han sprang frå lensmannen i dalen

Svensk-Henrik sprang, og han sprang
i Nordland, i Nordland
Og lensmannen kom likke bak med tvang
han klare aldri sleppe unna

Langt borte såg han noko han trudde
i Nordland, i Nordland
steinen der han Perpålsa budde
og pusten frå lensmannen va like bak

Han kasta seg bak stein han måtte sjå
i Nordland, i Nordland

han dundra og banka febrilsk og kraftig på
han Perpålsa var heldigvis heime

Døre opna seg litt på gløtt
i Nordland
Han Svensk-Henrik smatt inn
no ska eg sov søtt

-Det var ein tussestein!


07. Blæster

Kong Olav den heilage skuklle byggje spir
på Domen i Nidaros by
han greidde det ikkje og lova sola til den
som fekk spiret til å rage mot sky

Men trur du at nokon melde seg?

Berre ei halv mil frå byen
på Ladehammaren ut
der budde ein diger jotne
med namnet som einaste sut

Skal tru om den jotnen melde seg?

Han tykte den løne var gjev og gild
så jobben den ville han ha
men kongen måtte vere snill
og namnet hans inni seg ha

Slik gjekk det at jotnen melde seg

Og jotnen jobba både dag og natt
til spiret stod der i glans
han drøymde om kongens digre skatt
snart skulle sola bil hans

Skal tru om den kongen angra seg?

Ved midnatt rodde han Olav av stad
til Kjerringberget i båt
gygra roa barnet ned
for å stanse den barnegråt

Kva var det han høyrde Gygra si?
"æ lova dæ sola - det himmelske gull
så snart han Blæster e' fri
for arbeid på spiret te' Domen - i rette tid"

Skal tru om den kongen angra seg?

Olav rodde heim av all si makt
han måtte til Blæster sjå
forutan ein knapp var spiret lagt
han var nesten ferdig med det

Skal tru om den kongen angra seg?

Kong Olav den heilage ropa ut:
"Blæster korr flink du e'"
straks jotnen høyrde namnet sitt
han døydde og ramla ned

Skal tru om den kongen fryda seg?


08. Byttingen

Byttingen satt der i godstolen sin
sur og sær ved grua
gamal og taus og rugga seg
alle ønskte at han skulle døy
også nabofrua

Han var så gamal og taus ein kar
dei spurde vismannen
og han gav svar:
"om byttingen sei dykk kor gamal han e'
vil han døy - det e' de som skal te"

Byttingen ville ikkje daude, han ville leva evig

Byttingen satt der i god stolen sin
sur og sær ved grua
vismannen tok seg eit eggeskal
og lot som han skulle bryggja øl
og servere det til frua

Byttingen vakna med eitt så glad
stirde på ølbrygget rugga og sa:
"lenge har eg levd og sju gonger sett
skogen brenna og vekse opp
Men aldri ølbrygg i ein eggeskaltopp"

byttingen ville ikkje daude, han ville leva evig

No var det dags for han og døy, han ville leva evig